Kjøsnesfjorden Kraftverk i regulær drift!

Kjøsnesfjorden Kraftverk var den 29. april igjennom det nesten ein månad lange prøveprogrammet. Kraftverket gjekk da over i prøvedrift og blei køyrt i eit normalt køyremønster for å avdekke eventuelle problem som ikkje vart avdekt under våte prøver.

I byrjinga av juni var vi fornøgde med lastprøvene og starta oppfyllinga av Trollavatnet til sommarnivå. I skrivande stund passerer magasinet sommar LRV, nokre dagar før det vil i eit år med normalt tilsig. At stasjonen var ferdig i god tid før planlagt dato gjer at vi også første sommaren fekk fylt opp magasinet til turgåarane inntar fjellet!

Etter to månadar prøvedrift overtok Kjøsnesfjorden Kraftverk AS fredag 9. juli kraftstasjonen frå Andritz Hydro AS og gjekk med det over i normal drift.

Kraftverket skal offesielt opnast tidlig i haust med høgtidlig besøk. Meir informasjon om dette vil bli lagt ut når programmet er fastlagt.

Kjøsnesfjorden Kraftverk på nett!

Prøveteam: Atle Stubhaug og Kjell Johnny Kvamme frå Sunnfjord Energi, Vojtech Sedlecky frå Andritz Hydro Prague, og Andreas Pammer frå Andritz Hydro Norge.

Laurdag blei kanskje den største meritten i prosjektet nådd. Kl 1356 gjekk effektbrytaren inn og Kjøsnesfjorden Kraftverk var på nett for første gong!

I løpet av søndag har vi vore oppe i ca. 75% last med ein effekt på 64MW og test av lastavslag er utført.

Den siste veka har aggregatet vore igjennom mykje testing og prøvene har gått bra heile vegen so langt. Men prøvene er berre omtrent halvvegs så spennande dagar står framleis føre oss. I løpet av helga skal vi til full produksjon med 84MW.

Stor merkedag i Kjøsnesfjorden!

Bygging av sperredam.

I dag, 08.04.2010 har Kjøsnesfjorden Kraftverk AS overtatt prosjektarbeida (tunellar, bygningar og demningar m.m.) frå Veidekke Entrepenør AS. Etter nesten 4 års anleggsdrift og nesten 15 år med planlegging, konsesjonsarbeid og prosjektering er prosjektet no over i ein ny og spennande fase; Våte prøver!

Veidekke har gjennomført prosjektet på kortare tid enn planlagt. Ros verdig for eit prosjekt som omfattar 22,3 km med tunell i fjella rundt Kjøsnesfjorden, to fyllingsdammar til magasinet Trollavatn, i alt 12 bekkeinntak frå Vetlebredalen nord for Lundebreen til vest i Grovadalen ved Sægrov. 1 km inne i fjellet mellom Lunde og Sygnesand er det bygd ein kraftstasjon i fjellhall. Undervegs sette anleggskarane verdsrekord i tunelldriving med 175,6m på ei veke. Anleggsleiar Ole Morten Okkenhaug drog fram dette som noko av det han er stolt over i åra han har vore i Kjøsnesfjorden. I tillegg nemnde han at det ikkje er tvil om at det er utfordrande å bygge anlegg i 1000 meters høgde over havet!

Direkte etter overtaking blei anlegget stilt til disposisjon for Andritz Hydro AS (leverandør av el-mek) og våte prøver starta. Første ut på programmet er ”Første rotasjon”, og rundt lunsjtider svinga rotoren sine første rolige runder.

Vidare vart maskina køyrt gradvis opp i turtal mens ein overvaka vibrasjon, temperaturar ol. I løpet av dagen nådde vi nominelt turtal 600 rpm. Dei neste vekene følgjer eit tettpakka prøveprogram før vi kan sleppe energien ut på straumnettet til nytte for titusenvis av kundar.

Vassfylling av tunellane i Kjøsnesfjorden

Sist tysdag starta oppfyllinga av tunellane i Kjøsnesfjorden Kraftverk. Oppfyllinga føregår i etappar med fylling og pausar for å måle om det er lekkasjar i fjellet. Torsdag ettermiddag var vi oppe på 350 meter vassøyle og utførte test av viktige komponentar i turbinen. Vi køyrde då vatn gjennom nålene for første gong (utan å rotere maskina). Denne testen var viktig for å verifisere at alt er tett i turbinen og at den kan køyrast dersom ein får lekkasjar i tunellane (sprekker i fjellet ol.) som gjer at ein må tappe ned igjen vatnet.


Test av nål 6 med 25% opning mot deflektor (ca 4% av total opning) ved 350mVs.

I dag er nivået oppe på 635mVs (meter vassøyle) og det har vore pause i 24 timar. Ein skal i skrivande stund starte fyllinga igjen mot 740mVs som er forventa å nå i morgon føremiddag. Om alt går som planlagt vil ein fylle mot og nå nivået i Trollavatnet som er fullt trykk, ca 800mVs, natt til onsdag. Kraftverket står då klart til våte prøvar.

Kjøsnesfjorden Kraftverk snart klart til vassfylling!

Kraftstasjonen

Det er no ei stund sia vi har hatt noko oppdatering på bloggen vår, men det betyr ikkje at det ikkje har vore aktivitet på anlegget. Sia jul har vi fått støypt tverrslagsproppen og den har dei siste vekene stått til herding og blir no injisert for å tette overgangen mellom betongen og fjellet og sprekker som er i fjellet slik at proppen blir tett mot det store vasstrykket.

Kraftstasjonen står no heilt ferdig og klar til å sette på vatn. Den 1km lange avløpstunellen ut i Kjøsnesfjorden er fylt med vatn og trykksjakta dei første 160 meterane mot Trollavatnet er også fylt opp. Vi ventar no berre på at herdiga i proppen skal bli ferdig så startar oppfyllinga av tunellsystemet mot Trollavatnet og vestover mot Sygnesandsdalen og Grovadalen. Denne prosessen vil ta ca. to veker. Undervegs skal ein ha fleire pausar for å måle at det ikkje er lekasje i tunellane ut i fjellet.

Den uvanlig tørre vinteren har ikkje gitt mykje vatn i magasinet, sidan vi starta å samle vatnet frå aust og nedslagsfeltet rundt Trollavatnet i september har nivået i magasinet ikkje stege mykje. Sia 1. oktober har det omtrent ikkje stege i det heile. Men vi har vatnet som låg i Trollavatnet før vi starta oppdemminga slik at vi skal få starta testkøyringa av maskina som planlagt om nokre veker.

Vi går no inn i ein spennande periode med mange milepelar framover. Om alt går etter planen vidare vil vi levere dei første kilowattimane ut på nettet rundt påsketider.

Følg med folkens!! :)

Turbin — Løpehjulet ferdig montert i turbinen. Foto: Kjell Johnny Kvamme

Blåis — Olav Osvoll med lundebreen i bakgrunnen. Foto: Kjell Johnny Kvamme

Inspeksjon av tunell — Anleggsledelse og representantar for byggherre på sluttbefaring i tunellen mellom Trollavatnet og kraftstasjonen. Frå venstre: Svein Haga BKK, Gunnar Solvang BKK, Hans Hjeltnes KK, Øystein Brandt VD, Ole Morten Okkenhaug VD og Geir Watterud VD. Foto: Kjell Johnny Kvamme

Avlaupstunell — Vassfylling av avlaupstunellen mot Kjøsnesfjorden. Foto: Kjell Johnny Kvamme

Tverrslagspropp — Tverrslagsproppen sett oppstraums. Foto: Kjell Johnny Kvamme

132kV linja inn Kjøsnesfjorden er ferdig og satt i drift!

Trollavatnet

Linja som er bygd på sørsida av Kjøsnesfjorden for å transportere krafta ut på nettet til tusenvis av straumkundar er no ferdigstilt og sett i drift. Arbeidet med den har halde på i eitt og eit halvt år og sist fredag blei den testa med spenning. Det er gjort eit grundig arbeid med å plassere stolpane for å minske risikoen for at den skal bli tatt av snøras. Lokalkjende og ekspertar er dradd inn i prosjekteringa og har bidrege med uunnverlig kunnskap. Det har vore gjort vurderingar om den burde vore lagt i kabel, men faren for steinras og vanskelige botnforhold i fjorden gjorde at ein valde å bygge ei linje. No står den altså ferdig og ventar på at generatoren skal sende MW over den.

Ingeniørane i Andritz er no godt over halvferdige med å teste systema i kraftstasjonen. Dei siste vekene er det blitt gjennomført mange ulike testar og nokre system har alt vore i drift. På videoen under kan du sjå den første opninga av kuleventilen som skal opne og stenge vatnet inn på turbinen. Det er svært viktig at desse testane vert utført grundig før tunellane blir fylt med vatn og ein skal begynne å rotere maskina.

Lodda som vert løfta opp veg 36 tonn. Grunnen til at ventilen opnar og lukkar så sakte er at det er enorme mengder med vatn som skal bremsast opp (ca. 150.000.000 liter).

Testingeniørane er no reist frå Kjøsnesfjorden og vil komme attende over jul for å fortsette.

Vasslekkasjen i den vestre tunellen i slutten av november øydela vegen som har vore nytta som anleggsveg under bygginga av tunellane. Ein måtte gjere grundige risikovurderingar før ein på nytt kunne ta seg inn i fjellet og starte opp igjen arbeidet, men etter 4 dagar med oppryddingsarbeid var anleggskarane i gong igjen med å spyle tunellane. Onsdag kom dei ned til botn på Lunde, og proppen i vegtunellen parallelt med kraftstasjonen kan snart støypast.

Vi i Kjøsnesfjorden Kraftverk AS ønskjer alle som arbeider på anlegget og lesarar av bloggen vår ei riktig god jul og eit godt nytt år!

Oppstraums kuleventil. — Kjell Johnny Kvamme inni tillaupsrøret ved kuleventilen.

Inni innlaupskonus. — Ivar Kjøde frå BKK er medlem i prosjektgruppa for Kjøsnesfjorden Kraftverk As. Her kontrollerar han malinga inne i tillaupsrøret inn til turbinen.

Lundebreen badar i sol. — 16.12.2009

Ting skjer i Kjøsnesfjorden!

Lukehus Trollavatnet.

Vi er no komt over i ein ny fase i prosjektet! Andtitz er begynt testinga i kraftstasjonen. Systema vert testa eit og eit. Desse vert kalla Dry Test (tørrprøver). Ein funksjonsprøvar og kontrollerar at alle signal og kablar har forbindelse, at ein får inn rette verdiar. Dei har den siste veka testa ut generator og signalanlegg. Neste veke står hydraulikkanlegg for tur og vi skal opne hovudventilen for første gang, utan vatn sjølvsagt:) Dette arbeidet vil føregå nokre veker til før dei tar juleferie. Noko vil og stå att til dei kjem igjen på nyåret og fullfører. Når den er godkjent er ein klar til vassfylling av driftstunellen og byrjar på Wet Test (Våt prøve). Då skal vi sleppe vatn på turbinen og kjøre maskina. Den skal då igjennom eit like omfattande prøveprogram der ein testar systema saman og utfører forskjellige prøver.

På ”anleggsida” held Veidekke på med botnreinsk og spyling av tunellane. Dei er komt eit godt stykke ned igjennom fjellet, men det er eit krevjande arbeid og det er viktig at tunellane blir heilt reine for sand og borreslam så det ikkje kjem inn i turbinen når ein startar opp maskina. Ein del av arbeidarane og nokre anleggmaskiner har no forlate Kjøsnesfjorden for å ta til på nye prosjekt.

Vi har i dag vore på Trollavatnet å montert følarar for vasstandsmåling og sett dei i drift. Det var klart og fint på fjellet, og nokre timar skein sola lågt over Jostedalsbreen. Men det var kaldt og til tider sterk vind. Yr.no hadde meldt om -9, og det var det minst! Isen har no lagt seg på store delar av vatnet. Snøen som kom i høgfjellet i byringa av oktober har minka litt, og med det tørre og kalde veret den siste månaden er det lite Trollavatnet har stige. Med hjelp frå stikkaren i Veidekke fekk vi målt inn nøyaktig vasstand i dag og kalibrert måleutstyret. Trollavatnet låg i dag kl: 10:00 på kote 989,945moh.

Bildeserie med 4 bilder — bla ved å trykke på pilene

Vinterstemning på fjellet i Kjøsnesfjorden Kraftverk

Vinter på fjellet. Foto: Kjell Johnny Kvamme

Vinteren er komt for fullt på fjellet. På Trollavatnet ligg det no over ein halv meter med snø. Under befaring av lukehuset sist veke var det strålande sol og fin temperatur. Karane på bildet er ingeniørar frå BKK som er med i prosjektgruppa og frå Andritz, hovudleverandør av teknisk utstyr.

Dette blei siste tur på Trollavatnet med bil, i slutten av førre veke begynte Veidekke jobben med å reinske trykktunellen ned mot kraftstasjonen.

Overføringstunellen frå aust er no ferdig og omløpslukene på inntaka er stengde, slik at vatnet frå bekkeinntak 1, 2, 3 og 4 no vert leia inn i tunellen og overført til Trollavatnet. Med den austre overføringa inne samlar vi no inn vatnet i ca. 2/3 av nedslagsfeltet til kraftverket og magasinerer det i dammen til vi er klar til å sette “vatn på mølla” til våren. Men etter at temperaturen sank under null er tilsiget radikalt blitt mindre og vasstanden i Trollavatnet stig no mykje seinare enn den gjorde under ekstremnedbøren som var nokre veker tilbake.

I dag har eg vert med Veidekke på befaring på bekk 1 i Vetlebredalen. Sia vegen opp er stengd flyr vi no helikopter. Karane jobba i dag med å rydde opp rundt inntaket og samle saman alt som skal flygast ned igjen frå fjellet. Ein kan på eit av bilda under sjå vatnet renne over rista og ned i kammeret som leiar inn i tunellen. Heilt i bakgrunnen ligg magasinet Trollavatnen som vatnet vert lagra før det seinare vil bli henta inn i trykktunellen ned mot kraftstasjonen. På vegen over til magasinet møter det vatn frå bekk 2, 3 og 4 før det endar ut i magasinet. Sjå på kartskissa dersom dette vart litt utydlig:)

Befaring ved lukehus på Trollavatnet. Foto: Kjell Johnny Kvamme

Inntak 1 i vetlebredalen. Heilt bak på andre sida av lundebotnen ligg Trollavatnet. Vatnet som renn over rista her straumar igjennom tunellen og ut i magasinet. Foto: Kjell Johnny Kvamme

Bekk 1 ligg midt i bildet rett forut. Foto: Kjell Johnny Kvamme

Siste salve er skutt! Ein milepel er nådd i Kjøsnesfjorden

I dag skaut Veidekke siste salva på den vestre overføringa. Dei er da komt heilt fram til bekkeinntak 11 under Vidunderdalsvatnet øvst i Segrovsdalen. Med dette er all tunelldriving i prosjektet fullført og arbeidet med å trekke seg tilbake og spyle tunellane begynner.

Spyling av avgreiningstunellen opp til inntak Grytevaten. Foto: © Arild Nybø

Sidan arbeidet starta opp nede på Lunde i 2006 har det no blitt drive til saman nesten 22km tunell opp til Trollavatnet, vestover til Sygnesandsdalen og vidare ut til Segrovelvane. I tillegg er det eit nytt påhogg på austsida av Trollavatnet der det er drive ein overføringstunell nordaust mot Vetlebredalen (sjå kartskisse). I fjor sette anleggskarane i VD verdsrekord med 176,8m iløpe av ei veke på den austre tunellen. Denne tunellen var ferdig for ei god veke sidan. Til saman vert dette ca 750.000kubikkmeter fjell som er sprengt ut.

Med dette går arbeidet i fjellet mot slutten. Opprydning og arrondering rundt fyllingsdammane på Trollavatnet er tilnærma ferdig og til helga blir anleggsvegen igjennom trykktunellen opp til Trollavatnet stengt. I kraftstasjonen er no generatoren ferdig montert. Turbinen, er ein seks stråla Pelton-turbin manglar løpehjulet. Andritz Hydro ventar på nokre foringar som er oppmålt og sendt tilbake til verkstad for etterjustering (dette er normalt). Dette for at strålen frå kvar av dysene / nålene skal treffe skovlane perfekt i senter. Når dei kjem igjen og er på plass er det klart for å montere løpehjulet. Det er dette hjulet skovlane er montert på som vatnet treff og roterar generatoren.

Løpehjulet i Kjøsnesfjorden. Foto: © Arild Nybø

  • 30. sep 09 — Vinteren er komt til Trollavatnet.
  • Inntak 11

Kjøsnesfjorden Kraftverk

Følges av 31 medlemmer.

Prosjektet Kjøsnesfjorden Kraftverk er omtalt som “den siste store vasskraftutbygginga i Noreg”. For Sunnfjord Energi er dette prosjektet den største investeringa som nokon gang er realisert og gir nye spennande utfordringar i mange ledd. Med sine enorme krefter vil turbinen i Kjøsnesfjorden Kraftverk doble kraftproduksjonen i Sunnfjord Energi As. Mer om sonen

Origo Kjøsnesfjorden Kraftverk er en sone på Origo. Les mer

Om prosjektet:
Vasskraftverk i Jølster kommune
Midlere årsproduksjon: 247GWh
Installert effekt: 84MW

Magasin Trollavatnet:
Volum 35,4 mill m3
HRV 1001,4 moh
LRV 968,4 moh (Sommer LRV 999,9moh)

Bekkinntak: 12
Fallhøgde: 796m
Tunnellar: 22km
Kart over utbyggingsområdet

Kostnad ca. 900 MNOK
Ferdig 2010

Byggherre:
Kjøsnesfjorden Kraftverk As

Entrepenørar:
Byggningsteknisk: Veidekke Entrepenør AS
Elektromekanisk: Andritz Hydro As

Eigarar
Sunnfjord Energi AS 73%
BKK AS 20%
Grunneigarar 7%

Kontaktpersonar:
Kjell Johnny Kvamme
Prosjektingeniør
95989033
kjelljohnny.kvamme@sunnfjordenergi.no

Fredrik Behrens
Styreleiar
fredrik.behrens@sunnfjordenergi.no